Tid: Onsdag 9. september kl.18.30-21.00 / Sted: Haug menighetssenter i Hokksund
Alle er velkommen. Gratis adgang. Salg av kaker og kaffe.
Foredragsholder: Kjell Bitustøyl.
Kjell Bitustøyl
Ei samarbeidsgruppe som skal jobbe med fuglevern og kartlegging i Nasjonalparken, men og i randsonene, blei samla for fyrste gong i oktober 2023. Dei som er med er BirdLife Norge sine lokale krefter og lag som grensar mot Vidda, samt representantar frå fylkeslaga i Buskerud, Telemark og Hordaland. Frode Falkenberg, tilsett i BirdLife Norge, er prosjektleiar. Viktigaste formålet med denne gruppa er å bidra til at fuglane på Hardangervidda får gode levekår og at kunnskapen om fuglelivet på Vidda blir betre.
Som eit ledd i dette arbeidet reiser Kjell Bitustøyl rundt og fortel om det mangfaldige fuglelivet me finn på Hardangervidda. Denne gongen skal det i tillegg generell kunnskap om fuglar på heile Vidda, vere ekstra fokus på Buskerud sin del av Vidda.
Kjell Bitustøyl er leiar i BirdLIfe Indre Telemark og redaktør av fylkesbladet "Fugler i Telemark». Han er fotograf og skribent, opphavleg frå Rauland og har i mange år vore oppteken av Hardangervidda og fuglelivet der. Han har skrive fleire bøker knytt til historia på Vidda, ei om tamreinhistoria og ei om Besso turisthytte ved Nordmannslågen.
Etter foredraget er det kaffepause med salg av kaffe og kaker, og som vanlig lotteri som trekkes mot slutten av pausen. Deretter følger medlemmenes egne fuglehistorier og bilder, og annen informasjon.
Stor takk til dere som tar med kaker og lotterigevinster!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar